Gå til innhold

[Utgått]Tollsatsar ved import av tilverka landbruksvarer (RÅK varer)

Dette rundskrivet erstattar rundskriv av 5. september 2012 (saksnr.: 2003/2287-16).
Statens landbruksforvaltning (SLF) har med heimel i  forskrift 21. desember 2001 nr 1647 om fastsettelse av nedsatte tollsatser ved import av industrielt bearbeidede jordbruksvarer, fastsett tollsatsar ved import til Noreg av tilverka landbruksprodukt.
Tollsatsane er registrert i TVINN frå og med 5. september 2012 og gjeld inntil vidare.
For nærare informasjon, sjå rundskriv 30/12  frå Statens landbruksforvaltning på www.slf.dep.no.
 
Endringar i høve til tidlegare rundskriv:
• Tollsatsar på bær/bærkonsentrat er endra. Endringa omfattar satsar for varenumra 04.03.1020, 04.03.1030, 04.03.9002 og 21.05.0020 i kolonne 3 (EØS/EFTA) og i kolonne 4 (FTA) i Vedlegg 1 råk-importforskrift 01_09_2013 (4).pdfvedlegg 125 KB (72 kB) .
 
Aktuell tollsats utgjer fastelement for toll (TL1) og/eller råvaretoll (RT 100) og går fram av tabellen. Lista gjeld der det i høgre kolonne i tolltariffen er tilvising til AGRI for aktuell tollsats. I dei tilfella der råvaretoll skal reknast ut, er dette oppgjeve i vedlagte tabell (Vedlegg 1 råk-importforskrift 01_09_2013 (4).pdfvedlegg 125 KB (72 kB) ) med forkortinga RT. Råvaretollen blir utrekna av SLF dersom satsen ikkje går fram av denne tabellen. For dei varene som skal ha fastsett råvareavhengig tollsats frå SLF, må importøren fylle ut skjemaet "Råvaredeklarasjon for industrielt bearbeidede jordbruksvarer" (kan hentast inn frå: www. slf.dep.no), og sende dette til Statens landbruksforvaltning seinast 14 dagar før importen finn stad. Statens landbruksforvaltning skriv ut tollmeldingar på bakgrunn av råvaredeklarasjonen. Tollmeldinga vil opplyse om råvaretollsatsen til eit definert produkt innført frå eit definert landområde. Tollmeldinga kan berre nyttast ved innførsel av dette produktet til eit definert firma (importør) ved at det er ei knyting til kunde-id. Det skal kunne visast fram tollmelding ved fortolling.
 
Ved deklarering i TVINN-systemet skal fastelementet for toll førast opp med kode TL1 og råvaretoll med kode RT100.
Tollmeldingar er registrerte som unntaksdokument i TVINN, og følgjande kodar skal bli førast opp ved deklarering i TVINN:
 
-Rubrikk 33 (tollnedsetjing): ”S”
-Rubrikk 44: ”USK”(referansekode) + nummer på tollmelding (eks.: USK  12/R22870)
 
I dei tilfella der ein har fått tildelt ei tollmelding frå SLF på bakgrunn av eit opphavsprodukt må ein også vise til opphavsdokumentasjon i rubrikk 44, og rett preferansekode i rubrikk 36.
 
Dersom summen av toll og råvaretoll som blir oppgjeve på tollmeldinga overstig den maksimumssatsen som er oppgjeve i tolltariffen, skal maksimalsats nyttast ved fortolling.
 
Når det ikkje ligg føre tollmelding er det maksimalsatsen i tolltariffen som skal nyttast. Ved deklarering i TVINN skal fastelementet av tollen deklarerast som TL  1, og råvaredelen deklarerast som RT 100.
Dei aktuelle satsane går fram av vedlagte tabell (2003-2287-16 vedlegg 2-tollsatsar for RÅK-varer når tollmelding ikkje ligg føre_5 september 2012 .pdfvedlegg 217 KB (17 kB) ).
 
For ytterlegare informasjon om deklarering av RÅK-varer i TVINN, sjå rundskriv 2003/2288.
 
Dersom importøren gir opp fakturautskrivar frå EU eller EFTA (med unntak av Sveits) på råvaredeklarasjonen til SLF, blir utrekna tollsats nemnt som EØS i tollmeldinga frå SLF. I tilfelle der det er oppgjeve faktura utskrivar frå Sveits reknar ein ut tollsats nemnt som EFTA. Det vil også bli rekna ut tollsats frå tredjeland i tollmeldinga. Denne tollsatsen skal nyttast dersom det ikkje ligg føre gyldig opphavsbevis i samsvar med frihandelsavtalane.
 
For varer som er omfatta av vareomfanget til EØS-avtalen og der ein kan vise til EØS-tollbehandling ved innførselen, kan EØS preferanse gis sjølv om det i opphavsbeviset er oppgjeve at varene har opphav i EF eller i eit enkelt EF-land. For utfyllande informasjon, sjå rundskriva 96/376 og 2002/1016.
Ved deklarering i TVINN må preferansekode A deklarerast i desse tilfella.
Vi strekar under at preferansetollbehandling krev at det føreligg gyldig opphavsdokumentasjon på fortollingstidspunktet.
 
Landbruksvarer til teknisk bruk kan få tollnedsetjing på særskilt grunnlag (jf. Tolloven § 5-7), ved søknad til den tollregionen der firmaet er registrert som heimehøyrande.
Vedlegg:
Vedlegg 1 råk-importforskrift 01_09_2013 (4).pdfVedlegg 172 KB (72 kB)  -  tollsatsar ved import av tilverka landbruksvarer.
2003-2287-16 vedlegg 2-tollsatsar for RÅK-varer når tollmelding ikkje ligg føre_5 september 2012 .pdfVedlegg 217 KB (17 kB)  -  tollsatsar ved import av tilverka landbruksvarer når tollmelding ikkje føreligg.
2003-2287-16 vedlegg 3-landgrupper SLF-TVINN_5.september 2012.pdfVedlegg 39 KB (9 kB)  -  landgrupper SLF-TVINN