Gå til innhold

[Utgått]Tollsatsar ved import av tilarbeidde landbruksvarer (RÅK-varer)

Dette rundskrivet erstattar rundskriv av 1. september 2008 (saksnr.: 2003/2287-12).
Statens landbruksforvaltning (SLF) har med heimel i dei innleiande føresegnene i Tolltariffen (tib) § 5 fastsett tollsatsar ved import til Noreg av tilarbeidde landbruksprodukt. Tollsatsane gjeld frå og med 1. september 2009 og inntil vidare.
For nærare informasjon, sjå rundskriv 43/09  frå Statens landbruksforvaltning på www.slf.dep.no.
  
Endringar i forhold til tidlegare rundskriv:
• Tollsatsar på bær/bærkonsentrat er endra. Endringa omfatter satsar for varenumra 04.03.1020, 04.03.1030, 04.03.9002 og 21.05.0020 i kolonne 3 (EØS/EFTA) og i kolonne 4 (FTA) i 2003-2287-13 vedlegg 1-Tollsatser for RÅK-varer 1 september 2009.pdfvedlegg 1 (21 kB).
• Endring i tekst i fotnote 4) vedlegg 2003-2287-13 vedlegg 1-Tollsatser for RÅK-varer 1 september 2009.pdf1 (21 kB) og 2003-2287-13 vedlegg 2-tollsatser for RÅK-varer når tollmelding ikke foreligger_1 september 2009 .pdf2 (17 kB).
• Frihandelsavtalen mellom EFTA-landa og Canada tredde i kraft 1. juli 2009. Landbruksavtalen mellom Noreg og Canada blei sett i verk frå same dato. Tollsatsane på RÅK-varer med opphav i Canada går fram av kolonnen for EØS/EFTA TOLL i vedlegg 1 og 2 til dette rundskrivet. For ytterlegare informasjon om handelsavtalen med Canada sjå iverksettingsrundskrivetwww.toll.no
 
Aktuell tollsats utgjer fastelement for toll (TL1) og/eller råvaretoll (RT 100) og går fram av tabellen. Lista gjeld der det i høgre kolonne i tolltariffen er tilvising til AGRI for aktuell tollsats. I dei tilfella der råvaretoll skal bereknast, er dette oppgjeve i vedlagte 2003-2287-13 vedlegg 1-Tollsatser for RÅK-varer 1 september 2009.pdftabell (21 kB) (vedlegg 1) med forkortinga RT. Råvaretollen blir utrekna av SLF dersom satsen ikkje går fram av denne tabellen. For dei varene som skal ha fastsett råvareavhengig tollsats frå SLF, må importøren fylle ut skjemaet "Råvaredeklarasjon for industrielt bearbeidede jordbruksvarer" (kan innhentast frå: www. slf.dep.no), og sende dette til Statens landbruksforvaltning seinast 14 dagar før importen finn stad. Statens landbruksforvaltning skriv ut tollmeldingar på bakgrunn av råvaredeklarasjonen. Tollmeldinga vil angi råvaretollsatsen til eitt definert produkt innført frå eitt definert landområde. Tollmeldinga kan berre nyttast ved innførsel av dette produktet til eit definert firma (importør) ved at det er ei knyting til kunde-id. Det skal kunne visast fram tollmelding ved fortolling.
 
Ved deklarering i TVINN-systemet skal fastelementet for toll førast opp med kode TL1 og råvaretoll med kode RT100.
Tollmeldingar er registrert som unntaksdokument i TVINN, og følgjande kodar skal bli oppgjeve ved deklarering i TVINN:
 
-Rubrikk 33 (tollnedsetjing): ”S”
-Rubrikk 44: ”USK”(referansekode) + nummer på tollmelding (eks.: USK  04/R22870)
 
I dei tilfella der ein har fått tildelt ei tollmelding frå SLF på bakgrunn av eit opphavsprodukt må ein også referere til opphavsdokumentasjon i rubrikk 44, samt riktig preferansekode i rubrikk 36.
Dersom tollbelastninga av toll og råvaretoll som blir oppgjeve på tollmeldinga overstig den maksimumssatsen som er oppgjeve i tolltariffen, skal maksimalsats nyttast ved fortolling.
Når det ikkje føreligg tollmelding er det maksimalsatsen i tolltariffen som skal nyttast. Ved deklarering i TVINN skal fastelementet av tollen deklarerast som TL  1, og råvaredelen deklarerast som RT 100.
Dei aktuelle satsane går fram av vedlagte 2003-2287-13 vedlegg 2-tollsatser for RÅK-varer når tollmelding ikke foreligger_1 september 2009 .pdftabell (17 kB) (vedlegg 2).
 
For ytterlegare informasjon om deklarering av RÅK-varer i TVINN, sjå rundskriv 2003/2288.
 
Dersom importøren gir opp fakturautskrivar frå EU eller EFTA (med unntak av Sveits) på råvaredeklarasjonen til SLF, blir berekna tollsats nemnt som EØS i tollmeldinga frå SLF. I tilfelle der det er oppgjeve faktura¬utskrivar frå Sveits bereknar ein tollsats nemnt som EFTA. Det vil også bli berekna tollsats frå tredjeland i tollmeldinga. Denne tollsatsen skal nyttast dersom det ikkje føreligg gyldig opphavsbevis i samsvar med frihandelsavtalane.
 
For varer som er omfatta av vareomfanget til EØS-avtalen og der ein kan vise til EØS-tollbehandling ved innførselen, kan EØS preferanse vedkjennast sjølv om det i opphavsbeviset er oppgjeve at varene har opphav i EF eller i eit enkelt EF-land. For utfyllande informasjon, sjå rundskriva 96/376 og 2002/1016.
Ved deklarering i TVINN må preferansekode A deklarerast i desse tilfella.
Vi understrek at preferansetollbehandling krev at det føreligg gyldig opphavsdokumentasjon på fortollingstidspunktet.
 
Landbruksvarer til teknisk bruk kan bli gjeve tollnedsetjing på særskilt grunnlag (jf. Tolloven § 5-7), ved søknad til den tollregionen der firmaet er registrert som heimehøyrande.