Gå til innhold

[Utgått]Varsel om endring i TVINN- minstegrense

Toll- og avgiftsdirektoratet vil med dette informere om at det skal gjerast ei endring i TVINN som er planlagt å setjast i drift 28. september 2008.
Endringa kjem som fylgje av ny skattebetalingslov som tok til å gjelde 1. januar 2008, og fører til endring i minstegrense for betaling av krav på toll, meirverdiavgift og særavgifter.
Minstegrensa for betaling av krav ved innførsel vert kr 50,-. Det skal som før heller ikkje bereknast toll og avgifter ved innførsel av sendingar med verdi under kr 200,-.
Minstegrensa gjeld ikkje alkoholhaldig drikk og tobakk.
Minstegrensa for betaling av krav ved utførsel vert endra frå  kr 150,- til kr 100,-.