Gå til innhold

[Utgått]Endring i TVINN frå 28. september 2008

Vi viser til varsel frå 20. juni 2008 som omhandlar endring i TVINN.
Endringa gjeld frå søndag 28. september 2008 ca. kl 20.00, og førar til periodevis forsinkingar i EDI-trafikken søndag 28.09.2008 i tidsrommet 0900-2000.

 

 
Endringa kjem som fylgje av ny skattebetalingslov som tok til å gjelde 1. januar 2008, og fører til endring i minstegrensa for betaling av krav på toll, meirverdiavgift og særavgifter.
 
Minstegrensa for betaling av krav ved innførsel vert kr 50,-. Det skal som før heller ikkje reknast toll og avgifter ved innførsel av sendingar med verdi under kr 200,-.
Minstegrensa gjeld ikkje alkoholhaldig drikk og tobakk.
 
Minstegrensa for betaling av krav ved utførsel vert endra frå  kr 150,- til kr 100,-.
Det fører til at fiskeavgift -FF som kjem på kr 100,- eller meir per fortolling no skal betalast.