Gå til innhold

[Utgått]Transittering - Vedtak 1/2008

Endringer i Konvensjonen om ein felles transitteringsprosedyre (Transitteringskonvensjonen). Norsk samtykke til Felleskomiteen sitt Vedtak 1/2008.
EF/EFTA sin Felleskomite for Felles Transittering fatta ved skriftleg prosedyre den 16. juni 2008 følgjande vedtak:
 

Vedtak 1/2008:

Vedtaket gjeld endringar av Vedlegga I, II og III til Konvensjonen om ein felles transitteringsprosedyre av 20. mai 1987.

 
Transitteringsdeklarasjonar vert i dag framlagde i standardprosedyre ved bruk av databaserte metodar i staden for skriftlege deklarasjonar, og transitteringsdata blir no utveksla mellom tollmyndigheitene ved bruk av informasjonsteknologi og datanettverk. Føresegnene for den felles transitteringsprosedyren må derfor endrast i samsvar med dei spesielle prosedyrane ved bruk av elektronisk databehandlings-teknikk.
 
Då den elektroniske transitteringsprosedyren no er blitt standard prosedyre, og hovudfunksjonen til den skriftlege deklarasjonen er blitt reserve løysinga (naudprosedyre), er innhaldet og rekkjefølgja på bilaga som gjeld desse prosedyrane endra. Vedlegga I og III til konvensjonen er omstrukturerte og den papirbaserte prosedyren, som no er reserveløysning (naudprosedyre) er tekne inn i eit nytt Bilag V til Vedlegg I. Dei endra retningslinene vil i liten grad endra dagens prosedyrar. Dei største endringane er i prosedyrane for etterlysning og skyld og innkrevjing som først vil gjelda frå 1. juli 2009. 
 
Vedtaket gjeld frå 1. juli 2008.  Artiklane 41, 41a, 116, 118(2) og 119 til Vedlegg I skal gjelda frå 1. juli 2009.
 
Gjeldande reglar vert endra i samsvar med dette