Gå til innhold

[Utgått]Opphør av sal av Enkelgarantiblankettar

Transittering- Opphør av sal av Enkelgarantiblankettar i Noreg frå
1. januar 2008
Toll- og avgiftsdirektoratet har motteke informasjon frå Logistikk- og Transportindustriens Servicekontor AS (LTS) om at dei frå utgangen av 2007 vil stanse salet av Enkelgarantiblankettar. 
 
Dei Enkelgarantiblankettar som er selde av LTS i  2007 vil vera gyldige eit år frå datoen dei er utskrivne. LTS er ansvarleg for toll og avgifter  for alle transitteringar der Enkelgarantiblankettar  er brukt, heilt fram til transitteringane er avslutta.
 
Fylgjande alternativ kan nyttast:
 
 Universalgaranti/Garantifritak:
For dei transportørar/hovudansvarlige som hyppig nyttar transitteringsprosedyren,  vil den enklaste og mest økonomiske løysinga vera å søkja Tollvesenet (regiontollstaden) om ein Universalgaranti/ Garantifritak.
 
 Garanti stilt av ein garantist
Den hovudansvarlige kan også ta kontakt med ein bank/finansiell institusjon for bruk av Enkelgaranti ved garantist (kode 2). Den hovudansvarlige skal leggje fram original Enkelgarantierklæring (RG-0163) ved garantitollstaden, som registrerar  garantien i GMS, og som tildeler den hovudansvarlige eit GRN nummer og ein tilgangskode. 
 
 Kontant depositum
Det er også mogleg å stilla ein kontantgaranti (kode 3) ved avgangstollstaden. Når transitteringa er avslutta, kan garantisten søkja om å få tilbakebetalt deponert beløp.
 
 Dei transportørane som sjeldan  nyttar transitteringsprosedyren,  kan kontakta ein speditør/transportør som har Universalgaranti og har løyve til å bruka TET. Denne speditøren/transportøren vil kunne ta på seg å vera hovudansvarlig for sendinga.
 
Det er mogleg at salet av enkelgarantiar kan  auka fram til utgangen av året, noko som vil gje regiontollstaden ekstra arbeid med registrering i GMS.  
 
Eventuelle spørsmål om dei ulike formar for garantiar som vert nytta i samband med ein transitteringsprosedyre,  kan rettast til næraste regiontollstad,  sjå eventuelt ”Temahefte for Transittering” som ligg på  www.toll.no.