Gå til innhold

[Utgått]Nytt utbrot av munn og klauvsjuke (MKS) i England - Importforbodet for kjøtt og mjølkeprodukt frå Storbritannia vert teke opp att - intranettversjon

Det er melde om eit nytt utbrot av munn og klauvsjuke i England. Mattilsynet meldar at det den 13. september er vedteke endringar i forskrift av 13. august 2007 nr. 975 om særskilte beskyttelsestiltak i forbindelse med utbrudd av munn- og klauvsjuke i Det forente kongerike, knytt til det nye utbrotet av MKS.
 
Forskriftsendringa inneber at ein atter tek opp att det generelle forbodet mot innførsel av kjøtt og mjølkeprodukt frå Storbritannia. Merk at forbodet òg gjeld utførsel av levande klauvdyr.
 
Etter endringa av forskrifta er det no atter forbode å føre inn kjøtt- og mjølkeprodukt frå heile Storbritannia. Forbodet kjem for å hindre spreiing av smitte av MKS i England og kjem etter at EU-kommisjonen har vedteke dei same tiltaka for EU-landa. Forbodet trer i kraft straks.
 
Etter forskrifta er det no forbode å ta med seg levande klauvdyr eller produkt laga heilt eller delvis av slike dyr frå Storbritannia, slik som:
  • ferskt kjøtt, kverna og tillaga kjøtt (t.d. kjøttdeig, kjøttfarse ol.)
  • andre kjøttprodukt (pølser, spekevarer, karbonadar, kjøttkaker)
  • mjølk og mjølkeprodukt
  • huder og skinn
  • behandla mage, blære og innvolar
  • hermetiske varer
  • og animalsk gjødsel

I tillegg er òg eksport av levande klauvdyr forbode. Opplistinga er ikkje uttømmande, sjå www.mattilsynet.no for nærare informasjon om nemnde forskrift. Forbodet gjeld all import av nemnde varer frå Storbritannia og Tollvesenet sett i verk naudsynte tiltak ved grenseovergangar der reisande frå Storbritannia kjem inn i landet.

Alle kjøtt- og mjølkeprodukt som kjem frå Storbritannia, som ikkje har eit (særskilt) helsesertifikat frå engelske styresmakter som dokumenterer at vara er fri for smitte, blir haldne attende og gjort til inkje. Mattilsynet gjer merksam på at om det føljger med eit helsesertifikat eller liknande som godtgjør at produktet likevel er tillete å innføre, så er Tollvesenet bede om å ta kontakt med Mattilsynet på telefon 06040.

Mattilsynet vil vidare aktivt ønskje å assistere Tollvesenet ved kontroll på aktuelle kontrollplassar. Ved behov for anna bistand kan Tollvesenet kontakte Mattilsynet sitt distriktskontor på telefon 06040.

Kjøtt og mjølkeprodukt som blir haldne attende skal handsamast som høgrisikoavfall. Desse skal lagrast i sikre og vasstette kar og dei skal sendast for å gjerast til inkje på godkjent måte, så snart råd er. Kan ikkje varene som er haldne attende, sendast bort med ein gong, bør dei lagrast i ein eigen avsett frysar.

Tollvesenet og Mattilsynet ber publikum og reisande om å følgje gjeldande oppmodingar for å hindre at sjukdomen kjem til Noreg, sjå www.mattilsynet.no for nærare informasjon