Gå til innhold

[Utgått]Plastretur AS - miljøavgift på drikkevareemballasje – endringar i medlemsoversikta

Plastretur AS har på e-post av 15. november 2007 orientert direktoratet om to innmeldingar i retursystemet.

Innmeldingar:
Firmanamn, organisasjonsnummer og adresse er:
 
  • Occasion Wine NUF, 990 238 014, c/o Tandem Regnskap, Postboks 475, 1323 Høvik
  • Blend Wines AS, 989 710 419, Hegdehaugsveien 31, 0352 Oslo

Firma kan deklarere med redusert sats (for tida 68 %). Dette tilsvarar ei avgift på 32 % av ordinær sats. Returdelen gjeld fram til og med 30. juni 2008.
Vi gjer merksam på at medlemer i returordninga skal deklarere miljøavgift ved bruk av avgiftskodane MP 132, 232, 332 og 432.

Firmaet får tillating til avgiftsreduksjon frå 1. desember 2007.