Gå til innhold

Miljøavgift på drikkevareemballasje - Norsk Glassgjenvinning AS

Norsk Glassgjenvinning AS har miljøavgift på drikkevareemballasje.

Miljødirektoratet har fattet vedtak om reduksjon av avgift og fastsett venta del av retur for drikkevareemballasje for perioden 1. juli 2016 til og med 30. juni 2017.

Miljødirektoratet har i brev av 15. juni 2016 fastsett venta del av retur for drikkevareemballasje for retursystemet til Norsk Glassgjenvinning AS. Vedtaket gjeld for perioden 1. juli 2016 til og med 30. juni 2017. 

Returdelen som ligg til grunn for avgiftsreduksjonen i gjeldande periode, er fastsett til 90 %. Dette inneber ei avgift på 10 % av ordinær sats. 

Retursystemet til Norsk Glassgjenvinning AS gjeld for drikkevareemballasje av glas (eingongsemballasje).

Vi gjer merksam på at medlemmar av returordninga skal deklarere miljøavgifta ved bruk av avgiftskodane MG 110, 210, 310 og 410 for drikkevareemballasje av glas.