Gå til innhold

Miljøavgift på drikkevareemballasje - Infinitum AS

Infinitum AS har miljøavgift på drikkevareemballasje.

Miljødirektoratet har fattet vedtak om redusert avgift og fastsett venta del av retur for perioden 1. juli 2016 til og med 30. juni 2017. 

Miljødirektoratet har i brev av 15. juni 2016 fastsett venta del av retur for drikkevareemballasje for retursystemet til Infinitum AS. Vedtaket gjeld for perioden 1. juli 2016 til og med 30. juni 2017. 

Returdelen som ligg til grunn for avgiftsreduksjonen i gjeldande periode, er fastsett til 95 % for boksar i aluminium og stål og 95 % for flasker i PET og HDPE (plasttype). Dette inneber fullt fritak for avgifta for boksar i aluminium og stål plastflasker (i PET og HDPE). 

Retursystemet til Infinitum AS gjeld for drikkevareemballasje av boksar i aluminium og stål og flasker i PET og HDPE (plasttype). 

Vi gjer merksam på at medlemmar av returordninga skal deklarere miljøavgifta ved bruk av avgiftskodane MB 105, 205, 305 og 405 for boksar i aluminium og stål og avgiftskodane MP 105, 205, 305 og 405 for flasker i PET og HDPE.