Gå til innhold

Endringar i fiskeksportavgifta frå 1. januar 2016

Det er endringar både i satsar og deklareringa ved levering direkte frå fangsfelt utanfor tollområdet.

Vareomfang og avgiftssatsar

Pelagiske fiskeartar får endra avgiftssatsen frå 1,05 % til 0,90 %. Dette gjeld laks, aure, sild, makrell, kolmule, taggmakrell, vassild, øyepål og brisling. Varenummer 04.10.0000 og varer i tolltariffens posisjon 16.05 blir utan avgift.

Varer i tolltariffens posisjon 16.04 får endra avgiftssatsen frå 0,50 % til 0,30 %. 
For industrifisk og biprodukt av fisk, fiskeolje, ekstraktar og safter av fisk mv. og fiskemel er det inga endring, og avgiftssatsen er fortsatt 0,30 %.

Endra avgiftsdeklarering ved levering direkte frå fangstfelt utanfor tollområdet

Ved direkte leveransar frå norske fiskefartøy til utlandet eller til utanlandsk fartøy frå fangstfelt utanfor tollområdet skal de som er eksportørar etter fiskeeksportlova frå 1. januar 2016 deklarere direkte leveransar gjennom Tolletatens ekspedisjonssystem TVINN. I praksis vil ofte eit salslag vere eksportør ved denne typen eksport og er dermed ansvarleg for deklareringa.