Gå til innhold

Alle pågåande høyringar

Her finn du høyringar som Tolletaten gjennomfører på vegne av Finansdepartementet ved endringer av regelverk. Det er for tida inga pågåande høyringar.

 

Å ha ei sak ute på høyring vil si at departementet ønskjer å "høyre" kva partane som endringane får følgjer for (offentlege og private institusjonar, verksemder og andre departement) har å seie om eit forslag. Bakgrunnen er ønskjet om å vurdere konsekvensane av offentlege tiltak på best mogeleg vis. Høringsfristen er normalt tre månader, og ikkje mindre enn seks veker. Høyringsordninga er formelt regulert i utredningsinstruksen. At ei sak er på offentleg høyring går ut på at alle som ønskjer det kan sende inn ei vurdering av saka.

Kvar sak inneheld høyringsbrev, høyringsnotat, høyringsliste og eventuelle andre dokument som høyrer til saka. Tolletaten vil publisere høyringssvara når vi får dei inn.