Gå til innhold

Eksport av trua plante- og dyreartar

Dersom du skal eksportere trua dyr og plantar eller produkta av desse, såkalla CITES-varer, skal eit CITES-sertifikat følgje vara.

Det er Miljødirektoratet som forvaltar regelverket om CITES. Du finn oversikt over kva varer som er underlagt CITES-regelverket på heimesidene til Miljødirektoratet.

CITES-produkt er ikkje alltid registrert i TVINN-systemet. Ved oppslag og søk vil det difor ikkje vere mogleg for deg å slå fast om vara er omfatta av regelverket eller ikkje. I desse tilfella må du sjekke Miljødirektoratet si sjekkliste over CITES-varer.

Dersom du manglar nødvendig dokumentasjon, må du kontakte Miljødirektoratet.