Gå til innhold

Møblar

Det er ikkje toll på møblar, men det er meirverdiavgift. Du må fortolle varene på grensa dersom du handlar over verdigrensa.

Dersom du handlar varer for ein samla verdi under verdigrensa, treng du ikkje å betale meirverdiavgift eller andre avgifter. Verdigrensa er på 3 000 eller 6 000 kroner avhengig av kor lenge du har vore ute av Noreg og gjeld når du sjølv reiser med varene.

Dersom du har handla over verdigrensa, eller du får varene sendt til deg, skal du betale 25 prosent meirverdiavgift av kjøpesummen og fraktkostnadene.

Verdigrensa

Meir enn eitt døgn

Dersom du har vore utanfor Noreg i meir enn 24 timar, kan du ta med deg varer for inntil 
6 000 norske kroner utan å betale toll og avgifter. Denne verdigrensa er den totale summen på varene du har handla, inkludert kvotevarene.

Mindre enn eitt døgn

Er utanlandsopphaldet kortare, kan du éin gong i løpet av 24 timar ta med deg varer for 
3 000 norske kroner toll- og avgiftsfritt. Denne verdigrensa er den totale summen på varene du har handla, inkludert kvotevarene.

Les meir om verdigrensa