Gå til innhold

Kunstverk - fritak for meirverdiavgift

Hovudregelen er at du skal betale meirverdiavgift ved import av kunstverk til Noreg.

Kunst frå nålevande kunstnarar

Nålevande kunstnarar kan likevel på nærmare bestemte vilkår importere eigne originale kunstverk avgiftsfritt. Fritaket gjeld også ved bruk av mellommann dersom importen skjer i kunstnarens namn. Ein person, institusjon, næringsdrivande eller kunst- eller antikvitetshandlar, som opptrer på vegne av kunstnaren i samband med salet av kunstverket, reknar vi som ein mellommann.

Du kan også få fritak når du kjøper eit kunstverk direkte frå kunstnaren i utlandet eller gjennom mellommannen. Avgiftsfritaket gjeld uavhengig av kven som står som mottakar på deklarasjonen, så lenge importen skjer direkte frå kunstnaren eller frå mellommannen til kunstnaren.

Definisjon av kunstverk

Definisjonen av kunstverk i avgiftsmessig forstand står i meirverdiavgiftsforskrifta § 1-3-2. Her er det ein direkte vist til tolltariffens posisjonar 97.01, 97.02, 97.03 og 58.05. Kunstnariske fotografiar reknast også som kunstverk.

Påbyrja kunstverk 

Påbyrja kunstverk er også fritekne for meirverdiavgift dersom vilkåra nemnt over er oppfylde. Derimot er utanlandske material som du innfører separat og som skal brukast til framstillinga av eit kunstverk i Noreg, ikkje friteken for avgiftsplikt ved import.

Delvis fritak

Dersom du ikkje fyljer vilkåra for avgiftsfritaket, er det i noen tilfelle mogeleg å få satt ned utrekningsgrunnlaget.