Gå til innhold

Makrellstørje, storøyet tunfisk og sverdfisk

Det er krav til fangstdokumentasjon ved import og eksport av makrellstørje, storøyet tunfisk og sverdfisk.
Det er forbode å importere disse fiskeslaga dersom det ikkje følgjer med fangstdokument som er godkjend av styresmaktene i flaggstaten for fartøyet som fanga fisken.
 
Der er òg forbode å eksportera disse fiskeslaga dersom det ikkje følgjer med godkjent fangstdokument som er ferda ut av Fiskeridirektoratet.
 
Nummeret på fangsdokumentet skal førast i rubrikk 44 i tolldeklarasjonen (tilleggsopplysningar/ framlagte dokument) med referansekode FD.
 
Eksempel:
FD        NO–09-123456
 
Importør og eksportør er sjølv ansvarleg for korrekt deklarering av fangsdokumentet.

Importøren skal straks sende kopi av fangstdokumentet til Fiskeridirektoratet per e-post.
Bruk "Fangsdokumentasjon for makrellstørje, storøyet tunfisk eller sverdfisk" i emnefeltet.

For fleire opplysningar sjå www.fiskeridir.no.