Gå til innhold

CE-merking av båt og motor

Alle fritidsbåtar med skroglengd frå 2,5 til 24 meter skal vere CE-merkte (ha eit produsentskilt med CE-merke som forskrifta krev). CE-merket viser at båten tilfredsstiller dei grunnleggjande tryggleikskrava som gjeld.

Krava til CE-merkingane gjeld for alle fritidsbåtar uansett opphav, og for båtar som for fyrste gong blir marknadsførte i EU/EØS-området.

Krava gjeld også for båtar som tidlegare har vore i bruk i land utanfor EU/EØS-området (bruktimport frå tredjeland). Fritidsbåtar som var i bruk i eit EU/EØS-land før 16. juni 1998 må ikkje vere CE-merkte.

Ein CE-merkt fritidsbåt skal ha eit skrogidentifikasjonsnummer (CINHIN) på akterspegelen eller nær akterstamnen.

CE-merking av motorar

Som utgangspunkt blir berre motorar som er CE-merkte under produksjonen, aksepterte. For kvar motor skal det følgje med samsvarserklæring utferda av motorprodusenten og sertifikat frå teknisk kontrollorgan. Samsvarserklæring utferda for motorar som er produserte før produsenten vart sertifisert, er ikkje gyldig.

Unntak: Du kan bruke ein motor som ikkje er CE-merkt i eit fritidsfartøy som vart teke i bruk i EØS-området før 1. januar 2006.

Etterkontroll av motorar

Etterkontroll av motorar er ein krevjande og kostbar prosess. Dei testane og godkjenningane som ikkje vart utførte då motoren vart produsert, må gjerast i ettertid. Til dømes skal eksosutsleppet målast. Dette inneber at teknisk kontrollorgan må teste motoren og deretter utarbeide ein samsvarsrapport (report of conformity). På grunnlag av denne rapporten skal importøren utarbeide og signere ei eiga samsvarserklæring (declaration of conformity) for motoren.

Dersom motoren blir bytt ut i fritidsfartøy som er teke i bruk i EØS-området etter 1. januar 2006, skal ny motor vere CE-merkt.

Innføring av fritidbåt frå land utanfor EØS

Alle båtar som vert innført frå land utanfor EØS-området og som ikkje tilfredsstillar kravane til CE-godkjenning skal leggjast på lager hos godkjend tollagerhaldar i påvente av slik godkjenning. 

Vedlagring på tollager kan Tolletaten, etter søknad, gi tollagarholdar tillating til at båten kan gjennomgå naudsynte testar og utbetringer for at den skal kunne bli CE-godkjend. Du kan få tillating til slik handsaming både utanfor og på sjølve tollageret.

Du må vere merksam på at, sjølv om det er gitt tillating til å ta båten ut av lageret, så er den under tollagerprosedyren. Det er difor lagerhaldar som er ansvarleg overfor Tolletaten når det gjelder toll og avgiftar i samsvar med tollova § 2-3 (4). Du kan kontakte oss for nærmare opplysningar.