Gå til innhold

Personvern på toll.no og andre system

Informasjon om personvern på toll.no, andre system og for elektroniske skjema frå Tolletaten.

Innhald

Personvern på toll.no

Nyheitsvarsel frå toll.no

Elektroniske skjema

Fortollingsløysinga TVINN-internett

Melding om brot på immaterielle rettar

Søkje stilling gjennom Easy-Cruit-løysinga

KvoteAppen

 

Personvern på toll.no

Føremålet med nettstaden toll.no er å gi informasjon og rettleiing på område som Tolletaten har ansvaret for. På nettstaden har vi lagt til rette for enkelte elektroniske skjema, det er lenkjer til elektroniske skjema og tenester på Altinn, og du kan melde deg på vårt e-post-abonnement om nyheiter og endringar på toll.no. Kommunikasjonsstaben i Tolldirektoratet er behandlingsansvarleg for personopplysningar på nettstaden toll.no.

Informasjonskapslar (cookies) på toll.no

Ein informasjonskapsel (cookie) er ei lita tekstfil som nettstaden du vitjar lagrar på datamaskinen din. Nettstaden nyttar informasjonskapslane til å gi dei som vitjar nettstaden tilgang til ulike funksjonar. Nokre informasjonskapslar vert nytta til å spore internettbruken din.

Når du vitjar nettstaden, må du godkjenne at informasjonskapslar vert nytta. Du godkjenner informasjonskapslar ved å tillate bruk av informasjonskapslar i nettlesaren din.

Informasjonskapslar som samlar inn webstatistikk

På denne nettstaden nyttar vi analyseverktøyet Google Analytics for å lage eit overordna bilete av korleis brukarane nyttar nettstaden. Google Analytics nyttar informasjonskapslar for å kunne gjere dette. Google Analytics tek berre imot generell webstatistikk, som til dømes nettlesartype, tidspunkt, språk og kva for ein nettstad brukaren kom frå. Føremålet med innsamlinga er å skaffe informasjon som hjelper oss å gjere nettstaden meir brukarvenleg. Informasjonen som vert oppretta under vitjinga di, vert vidaresendt og lagra hos Google Inc.

I tråd med vanleg praksis på internett registrerar toll.no brukaren si IP-adresse. Vi har valt å leggje inn eit script som fjernar dei siste sifra frå IP-adressa di før Google Analytics lagrar informasjonen. Dette gjer at analyseverktøyet kan finne brukaren si geografiske plassering ganske grovt, men adressa kan ikkje nyttast for å identifisere den enkelte. Opplysningane som Google tek imot er underlagt retningslinene Google har for personvern.

Google kan overføre den innsamla informasjonen til tredjepart dersom det er eit rettsleg grunnlag for det, eller der tredjepart prosesserer informasjonen på Google sine vegne. Google kan ikkje kople IP-adresser til andre data Google sit inne med.

 

Informasjonskapslar på toll.no knytt til Google Analytics 
Informasjonskapsel Føremål Levetid
 __utma(Google Analytics) Held informasjon om talet på gonger brukaren har vitja sida, tid for første gong brukaren vitja sida og tid for noverande vitjing. 2 år
 __utmb(Google Analytics) Held informasjon om kor lengje brukaren er på sida (vitjing start og vitjing slutt) 20 min
__utmc(Google Analytics) Held informasjon om kor lengje brukaren er på sida(vitjing start og vitjing slutt) Vert fjerna når nettlesaren/sida vert lukka (Session).
__utmz(Google Analytics) Held informasjon om kvar brukarane kom frå (sida brukaren kom frå) 6 månader.
__utmv(Google Analytics) Held spesialvariablar i Google Analytics. Vert nytta til spesiell sporing. Vert fjerna når nettlesaren/sida vert lukka (Session).

 

Andre informasjonskapslar på toll.no 
Informasjonskapsel Føremål Levetid
ASP.NET_SessionId Held brukaren sin sesjonsidentifikasjon (sessions id), som serveren igjen nyttar for å finne brukaren sin sesjon. Vert fjerna når nettlesaren/sida vert lukka.
  BIGipServerta-epi-http Held informasjon om kva for ein node brukarane «jobbar» mot. Vert nytta av lastbalanseraren. Vert fjerna når nettlesaren/sida vert lukka
EpiserverLogin Vert nytta i samband med endring og oppretting av abonnement når brukaren loggar inn. Vert fjerna når nettlesaren/sida vert lukka
.ASPXROLES Vert nytta over hele nettstaden dersom ein bruker er innlogga. Fortel nettstaden kva for ein rolle brukaren har. Vert fjerna når nettlesaren/sida vert lukka

 

Korleis unngår du informasjonskapslar?

Dersom du vil avvise informasjonskapslar, så må du endre innstillingane i nettlesaren slik at du enten blokkerer informasjonskapslar (cookies) frå å verte lasta ned automatisk, eller at du får eit val om å laste ned kvar enkelt informasjonskapsel. Informasjonskapslar som du har lasta ned tidlegare, kan du også slette i nettlesaren. For meir informasjon, sjå dokumentasjonen for den nettlesaren du nyttar.

 

Nyheitsvarsel frå toll.no

Toll.no tilbyr brukarane e-postoppdateringar på ei rekkje tema. Det er frivillig å nytte tenesta. For å kunne nytte tenesta må brukaren registrere e-postadressa si på nettstaden. Vi vil berre nytte denne adressa til denne tenesta og moglege brukarundersøkingar av tenesta. Dersom brukaren avsluttar abonnementet, slettar systemet adressa. Du kan avslutte abonnementet ved å logge deg inn med brukarnamnet ditt og passord, eller ved å sende ein e-post til nettmester@toll.no.

Behandlingsansvarleg for tenesta er kommunikasjonsstaben i Tolldirektoratet.

Våre elektroniske skjema

Generelt

Tilsette i Tolletaten har teieplikt om opplysningar vi får inn gjennom dei elektroniske skjema våre. Tolletaten kan likevel i visse tilfelle gi opplysningar til tredjepart, og då særleg andre offentlege styresmakter.  Dette er heimla i tollova § 12-1.  

I dei tilfella eksterne selskap driv system på vegne av Tolletaten, har også dei teieplikt. Desse vil berre ha tilgang på opplysningane dei treng for å tilby drift og brukarstøtte av løysinga.

Fortollingsløysninga TVINN-internett

Føremålet med skjemaet er å hente informasjon for å kunne gjennomføre ei fortolling på vegne av innsendaren. Det er frivillig å nytte tenesta. Tolletaten slettar opplysningane i sitt system etter 10 år. Behandlingsansvarleg for skjemaet er vareførselsseksjonen i Tolldirektoratet.

Formidling av opplysningar til tredjepart

Slik reglane er i dag leverer vi frå oss opplysningane i dette skjemaet til Riksarkivet som lagrar dei for ettertida.

Innsyn og retting av opplysningar

Du vil sjå opplysningane som du har sendt inn når du får kopien av tolldeklarasjonen. Du får kopien etter at systemet har handsama tolldeklarasjonen. Tidlegare deklarasjonar kan du også sjå i løysinga. Dersom du oppdagar feil eller vil rette opplysningar, må du ta kontakt med Tollregion Oslo og Akershus på e-post: post@toll.no.  

Namn og adresse med meir som er nytta ved fortollinga vert overført frå folkeregisteret og er underlagt dei reglane som gjeld for folkeregisteret. Du må ta kontakt med Skatteetaten for å rette opplysningar i folkeregisteret. www.skatteetaten.no/Person/Folkeregister/

Innsending og lagring av opplysningar

Alle opplysningar du gjev vert sendt kryptert (https). Opplysningane lagrar vi på ein sikker måte i Tolletatens system.

 

Melding om brot på immaterielle rettar

Føremålet med skjemaet er at brukarar kan tipse Tolletaten om brot på eigne immaterielle rettar ved import eller eksport. Det er frivillig å nytte tenesta. Opplysningane vert lagra i eitt år dersom du ikkje ber om å fornye meldinga. Utgåtte opplysningar slettar vi fortløpande. Behandlingsansvarleg for skjemaet er vareførselsseksjonen i Tolldirektoratet.

Capevo A/S driv løysinga.

Innsyn og retting av opplysningar

Du kan be om innsyn i opplysningane du har sendt inn ved å ta kontakt med Tolldirektoratet. Dersom du oppdagar feil, og vil rette eller slette opplysningar, må du ta kontakt med Tolldirektoratet på e-post: post@toll.no 

Innsending og lagring av opplysningar

Alle opplysningar du gir vert sendt kryptert (https). Opplysningane vert lagra på en sikker måte hos Capevo A/S og i Tolletatens eigne system. 

Søkje stilling gjennom Easy-Cruit-løysinga

Føremålet med rekrutteringsløysinga er at Tolletaten skal kunne ta stilling til søknader i rekrutteringsprosessar. Vi vil også kunne nytte opplysningane til statistikkføremål. Det er frivillig å bruke tenesta og du kan reservere deg frå at opplysningane vert lagra utover tilsettingsprosessen ved å sende e-post til rekruttering@toll.no. Når tilsetjingsprosessen er ferdig, vil vi berre nytte opplysningar til statistikkføremål. Behandlingsansvarleg for skjemaet er HR-seksjonen i Tolldirektoratet.

Lumesse A/S driv løysinga.

Formidling av opplysningar til tredjepart

Vi gir den offentlege søkjarlista til alle som ber om innsyn. Ein part i ei tilsetjingssak vil få innsyn i den utvida søkjarlista dersom han eller ho ber om det. Ein part i ei tilsetjingssak har rett til å gjere seg kjend med dokumenta i saka med visse grenser, sjå forvaltningslovforskriften § 15 til § 19.

Innsyn og retting av opplysningar

Du kan be om innsyn i opplysningane du har sendt inn ved å ta kontakt med Tolldirektoratet. Dersom du ønskjer å reservere deg frå at vi nyttar opplysningane til statistikkføremål, send ein e-post til rekruttering@toll.no . Dersom du oppdagar feil, og vil rette eller slette opplysningar, må du ta kontakt med Tolldirektoratet på e-post: post@toll.no.

Dersom du har oppretta brukarkonto hos oss på EasyCruit, kan du også sjølv slette eller endre dine registrerte opplysningar dersom du loggar deg på med brukarnamnet ditt og passord.

Innsending og lagring av opplysningar

Alle opplysningar du gir vert sendt kryptert (https-protokoll). Opplysningane vert lagra på ein sikker måte hos Lumesse AS. 

Kameraovervåking/ automatisk skiltgjenkjenning

KvoteAppen

KvoteAppen er Tolletaten sin applikasjon for mobiltelefoner og nettbrett som privatpersonar kan nytte til å rekne ut om alkohol- og tobakkvarene dei har med seg er over eller under avgiftsfri kvote, og fortolle varene som er over kvoten.

Det vert ikkje registrert personopplysningar i KvoteAppen, bortsett frå informasjonen frå bankkortet som vert brukt til å betale avgiftene dersom du ønsker det. Informasjonen vert lagra trygt hos den eksterne betalingsleverandøren vår, PayEx. Formålet med lagringa er at du som brukar skal sleppe å taste inn kortnummer på ny kvar gong du skal fortolle varer.

Tolletaten nyttar statistikkverktøya Google Analytics og Crashlytics for å analysere brukartal og trafikk i KvoteAppen slik at vi kan vidareutvikle og forbetre applikasjonen. Vi loggar kva operativsystem som vert nytta, dato og tid for bruk og data om navigasjon. Tolletaten verken loggar eller lagrar data om trafikk og bruksmønstre på ein slik måte at det er mogleg å identifisere enkeltbrukarar.

KvoteAppen har ikkje tilgang til telefonen sin identitet.

Betalingane (fortollingane) som er gjort med KvoteAppen vert sletta frå Tolletaten sitt system etter 10 år. Ansvarleg eining for KvoteAppen er vareførselsseksjonen i Tolldirektoratet.