Gå til innhold

Vogntog med 13 000 liter alkohol

Beslag av 13 000 liter alkohol. Foto: Tolletaten

Nok ein gong har tollarane på Svinesund stoppa eit vogntog med store mengder alkohol og sigarettar i lasta.

Vogntoget passerte tollstasjonen om ettermiddagen 16. mai utan å deklarere last og ei tollpatrulje ble sendt ut og stoppa vogntoget på E-6.

Vogntoget var lasta med sekkar med blomsterjord i ein konteinar, men under alle sekkane låg 12 636 liter øl, 375 liter brennevin og 60 000 sigarettar.

Tollbeslaget utgjer ein million kroner i avgifter til staten. Den polske sjåføren (24) hadde heller ikkje førarkort for vogntog.

Kontakt: Seksjonssjef Wenche Fredriksen , telefon 913 61 780

Svinesundtollarane fann 13 000 liter alkohol og 60 000 sigarettar i lasta. Foto: Tolletaten. Svinesund _13000_liter_alkohol_16mai.jpgLast ned større bilete. (6,3 MB)

Del med andre: