Gå til innhold

To damer prøvde å smugle amfetamin over Svinesund

Tollarane fann 104 gram amfetamin i bil på Svinesund.

Ein norskregistrert Audi fanga tollarane si interesse då den kom til tollstasjonen på Svinesund om morgonen 7. mars. Dei to damene i bilen sa at dei hadde vore i Gøteborg over helga og vitja ei venninne.

Ein av tollinspektørane fann raskt ein pose med amfetamin på bilføraren og kroppsvisitasjon av passasjeren førte til funn av ei mindre mengd amfetamin. Fleirbrukshunden Storm, som er lært opp til å søke etter både narkotika og sigarettar, markerte deretter for funn av narkotika i ei sminkevæske. Her låg det ei mindre mengd amfetamin.

Tollarane fann i alt 104,8 gram amfetamin. Dei to damene og narkotikaen vart levert til mannskap frå Øst politidistrikt etter tollbeslaget.

Foto: Tolletaten.

Del med andre: