Gå til innhold

Teken med ecstasy i Larvik

Nederlendar (37) teken med 1,4 kilo ecstasy i Larvik.

Då ferga frå Danmark kom til Larvik om ettermiddagen 30. september tok tollarane ut ein nederlandsk registrert Mercedes Benz til tollkontroll. Dei fann raskt både ecstasy-drypp, ei flaske cannabisolje og poser med mindre mengder narkotisk pulver då dei kontrollerte den nederlandske passasjeren (33).

Då tollarane opna ein pose med hundemat i bilen, fann dei 1,4 kilo tablettar med ecstasy i posen.

Politiets operasjonssentral vart varsla om tollbeslaget og to patruljar frå Sør-Øst politidistrikt henta dei to mistenkte smuglarane og narkotikaen. Smuglingsforsøket vert etterforska av Sør-Øst politidistrikt.

Kontakt: Seksjonssjef Sven-Øystein Wagn Ferstad, telefon 936 77 229.

Tollarane fann 1,4 kilo ecstasy i bilen. Foto: Tolletaten. 

Del med andre: