Gå til innhold

Tatt med 52 000 sigarettar

Beslag av sigaretter i bil.

19. august beslagla tollarane 52 000 sigarettar i ein bil i Kongsvinger med bistand frå politiet.

Ein svensk registrert Volkswagen Passat stasjonsvogn fanga tollarane sin interesse då den kjørte inn til Noreg på Vilsbergvegen i Hedmark.

Ei tollpatrulje vart send ut frå Kongsvinger og politiet vart varsla. Ei patrulje frå Innlandet politidistrikt stansa bilen i Brugata i Kongsvinger og såg at bilen inneheld mykje sigarettar. Politiet tok hand om den svenske statsborgaren (49) som køyrde bilen.

Tollarane fann 258 kartongar med i alt 52 000 sigarettar i stasjonsvogna. Tollbeslaget utgjer 169 000 kroner i avgifter til staten.

Media kan fritt bruke biletet.

Del med andre: