Gå til innhold

Tatt med 3 000 tablettar

Oslomann (26) tatt med 3 000 blå tablettar på Oslo lufthamn.

Tollarane på hovudflyplassen fann 3 000 tablettar med truleg Diazepam då dei kontrollerte bagasjen til ein Oslomann. Mannen kom med fly frå Bangkok i Thailand 21. februar. Han hadde også ti andre tablettar truleg Tramadol.

Mannen og tablettane vart levert til politiet på hovudflyplassen etter tollbeslaget.

Kontakt: Tolletatens pressevakt, telefon 976 50 370

Foto: Tolletaten. 

Del med andre: