Gå til innhold

Tablettar skjult i baksetet

Tablettar i stolryggen. Foto: Tolletaten

Rumenar hadde skjult 15 100 tablettar i baksetet. Tollarane på Svinesund avslørte smuglingsforsøket.

Tollarane på Svinesund fann i alt 15 100 tablettar då dei skanna ein BMW søndag formiddag. Tollarane stansa bilen på fylkesveg 118. Sjåføren (28) sa han skulle til Fredrikstad og besøke ein ven, men samstundes skalv han mykje på hendene. Personbilen vart difor teken med til utvida tollkontroll og skanna.

15 000 Rivotril-tablettar og 100 Xanax-tablettar låg i bakseteryggen. Tollarane leverte rumenaren og tablettane til politiet etter tollbeslaget.

Kontakt: Seksjonssjef Wenche Fredriksen, 913 61 780

Foto: Tolletaten. Media kan fritt nytte biletet. tabletter_i_stolrygg.jpgLast ned større versjon (6,9 MB).

Del med andre: