Gå til innhold

Stort alkoholbeslag på Ørje

Alkoholbeslag på Ørje. Foto: Tolletaten

Tollarar på Ørje fann ei stor mengde alkohol då dei stoppa ein litauisk registrert semitrailer om kvelden 15. april.

 Lasten var oppgitt til 14 badstuer, men den fysiske kontrollen av lasta viste at badstuene var «bytta ut» med 14 pallar med i alt 10 305 liter øl og 2001 liter brennevin. Varene skulle til Bergen.

Tollbeslaget utgjer 1 332 000 kroner i avgifter til statskassa.

Kontakt: Tolletatens pressevakt: telefon 976 50 370

Tollarane på Ørje fann 12 000 liter alkohol i lasta. Foto: Tolletaten. Media kan fritt nytte bilete.

Del med andre: