Gå til innhold

Stoppa to smuglarbilar i Østfold

Politiet stoppa to bilar med smuglarvarer i Østfold i 20-tida laurdag kveld, etter at tollerane på Svinesund hadde bedt om bistand.

Tollarane fann i alt 2 296 liter øl, 189 liter brennevin og 11 000 sigarettar i bilane, ein Volvo V70 og ein Toyota Landcruiser. To polske statsborgarar køyrde bilane. Tolletaten ber om at politiet inndrar bilane då dei er nytta til smugling.

Tollbeslaga utgjer 241 517 kroner i avgifter til statskassa.

Kontakt: Seksjonssjef Wenche Fredriksen, telefon 913 61 780

Alkohol og sigarettar beslaglagt av tollarane på Svinesund. Foto: Tolletaten. bagasjerom stort bilde4.jpgLast ned større bilete. (151 kB)

Del med andre: