Gå til innhold

Smugla tørka khat frå Hong Kong

Gardermotollarane fann i alt 225 kilo tørka khat i to sendingar frå Hong Kong. Dette er eit betydeleg beslag av den narkotiske planta.

Dei to store partia med khat på 106,6 kilo og 119 kilo vart oppdaga då tollarane kontrollerte fleire sendingar med fly til Oslo frå Hong Kong. På tolldeklarasjonen sto det at sendingane inneheld utstyr til mobiltelefonar, noko tollarane fann ikkje stemte då dei opna ei sending. Sendingane kom på forskjellige tidspunkt i juli.

Sendingane vart deretter skanna og den tørka khaten vart avdekka. 225 kilo med tørka khat utgjer 675 kilo med fersk khat.

225kg_tørketkhat_Gmoen_juli2016.jpgMedia kan fritt bruke biletet. Foto: Tolletaten (89 kB)

Del med andre: