Gå til innhold

Smugla to kilo marihuana

Marihuana i en bag. Foto: Tolletaten

Nigerianar tatt på Stavanger lufthamn med to kilo marihuana i bagasjen.

Ein reisande (22) frå Italia fanga tollarane sin interesse om kvelden 13. juni. Mannen endra forklaring på opphaldet i Italia og tollarane mistenkte difor at han smugla. 

Tollarane fann etter kvart nær to kilo marihuana i kofferten. Dei fann og tre «egg» med totalt 33 gram kokain. Mannen vart difor send til røntgen med mistanke om at han kunne ha svelgt narkotika, men røntgen avkrefta denne mistanken.

Flypassasjeren og narkotikaen vart etter tollkontrollen teken hand om av politiet, som etterforskar smuglinga.

Kontakt Tolletatens pressevakt 976 50 370

Tollarane fann to kilo marihuana i bagasjen. Foto: Tolletaten.

Del med andre: