Gå til innhold

Smugla nær sju kilo amfetamin til Kristiansand

6,9 kilo amfetamin tatt i Kristiansand 2. juli 2016.

Narkotikahunden Sniff avdekka 6,9 kilo amfetamin i serbisk bil i Kristiansand.

Då ferga frå Hirtshals kom til Kristiansand om ettermiddagen 2. juli fanga ein serbisk registrert bil tollarane sin interesse. Sjåføren (29) sa han skulle feriere i Kristiansand nokre dagar og kjærasten kom dagen etter.

Tollarane kjøpte ikkje forklaringa og narkotikahunden Sniff søkte på bilen. Hunden markerte ved midtkonsollen. Tollarane såg etter kvart fleire pakker i drivstofftanken. Tollkontrollen vart då fryst og politiet tilkalla.

Pakkene vart veid til nær sju kilo amfetamin. Agderpolitiet tok etter tollbeslaget over ansvaret for narkotikaen, den mistenkte og etterforskinga av smuglinga.

6,9kgamfetamin020716.JPGMedia kan fritt bruke biletet. Foto: Tolletaten (4,2 MB)

 

 

Del med andre: