Gå til innhold

Smugla 92000 sigarettar

Ukrainar  tatt med 92 000 sigarettar på Svinesund.

Ei tollpatrulje frå Svinesund tollstad avdekka 92 260 sigarettar i ein tysk-registrert bil om morgonen 11. september. Dei to i bilen sa dei skulle til Bergen på ferie.

Bilen vart skanna og skannaroperatøren såg då framandlekam i golvet og sidepanelet på kjøretøyet.  Tollarane fann så sigarettane som utgjer 346 000 kroner i avgifter til statskassa.

 Øst politidistrikt etterforskar forsøket på sigarettsmugling.

Kontakt: Seksjonssjef Wenche Fredriksen, 913 61 780

Sigarettane var skjult "overalt" i bilen. Foto: Tolletaten. Media kan fritt bruke biletet. 

Del med andre: