Gå til innhold

Smugla 83 000 sigarettar

Tollpatrulje frå Kongsvinger tok irakar med 83 000 sigarettar i bilen.

Kongsvingertollarane fann sigarettane i ein svensk registrert Volvo V40 som dei stoppa på fylkesveg 21 i Aurskog-Høland om kvelden 12. juli. Bilen vart køyrd av ein irakisk statsborgar (30) busett I Italia.

83 000 sigarettar og 2,5 kilo tobakk låg i bagasjerommet, baksetet og i ein bag ved passasjersetet. Tollbeslaget utgjer 278 000 kroner i avgifter. Smuglaren vart teken hand om av politiet i Kongsvinger.

Kontakt: Pressevakta i Tolletaten, 976 50 370

Media kan fritt benytte bildet. Foto: Tolletaten

Del med andre: