Gå til innhold

Smugla 66 000 sigarettar i Østfold

Sigarettar beslaglagt. Foto: Tolletaten

Mannen køyrde motorsykkel over grensa og kona kom bak med 66 000 sigarettar i bilen.

Tollarane på Svinesund oppdaga smuglinga. Ei tollpatrulje stansa bilen på fylkesveg 22 i Østfold om ettermiddagen 22. juni. Tollarane fann plastsekkar med sigarettar overalt i bilen.

Medan tollarane kontrollerte bilen kom ektemannen til kontrollstaden og sa at han eigde sigarettane og at han køyrde føre for å sjå etter tollarane.

Tollarane fann i alt 66 000 sigarettar i bilen, noko som betyr 214 500 kroner i avgifter.

Foto: Tolletaten. Media kan fritt nytte biletet.

Del med andre: