Gå til innhold

Smugla 60 000 sigarettar

Litauar tatt med 60 000 sigarettar på Svinesund.

Svinesundtollarane stoppa ein norsk registert Audi på fylkesveg 118 i Østfold laurdag ettermiddag. Dei såg med ein gong at bilen var fylt med sigarettar.

Bilen, som vart kjørt av en 27 år gamal mann frå Romerike, inneheld 60 000 sigarettar, noko som utgjer 194 000 kroner i avgifter til statskassa.

Tollarane stoppa samstundes ein annan Audi som dei set i samanheng med sigarettsmuglinga. Denne bilen vart kjørt av ein 32-åring frå Litauen.

Kontakt: Seksjonssjef Wenche Fredriksen, telefon 913 61 780

Tollarane fann nær 60 000 sigarettar i bilen. Foto: Tolletaten. DSC_0262_edited-2.jpgLast ned større bilete. (3,9 MB)

Del med andre: