Gå til innhold

Smugla 50 000 sigarettar

Svensk-palestinar tatt med 50 000 sigarettar i Grue i Hedmark.

Tollarar frå Kongsvinger fann 50 000 sigarettar da dei stoppa ein svensk registrert Renault Megane nær Svullrya i Grue i Hedmark om morgonen 2. september. Sjåfør var ein svensk-palestinar (18). Han fortalde tollarane at han skulle vitje ein kamerat i Oslo.

Då tollarane søkte gjennom bilen fann dei fleire esker med sigarettar i bagasjerommet. Sigarettbeslaget utgjer 164 000 kroner i avgifter til staten. Den mistenkte smuglaren vart teken hand om av mannskap frå Kongsvinger politistasjon.

Kontakt: Seksjonssjef Morten Nystuen,  952 43 810

Tollarane fann 50 000 sigarettar i bilen. Foto: Tolletaten. Media kan fritt bruke biletet.

Del med andre: