Gå til innhold

Smugla 360 liter vodka

Dansk statsborgar, født i Sverige og busett i Noreg hadde 360 liter vodka i bilen då han vart stoppa av tollarane på Magnormoen i Hedmark.

Mannen (57) fortalte tollarane at han ikkje hadde noko å fortolle då han vart teken ut til tollkontroll ved Magnormoen kontrollstasjon om ettermiddagen 28. september. Ein sjekk i baksetet avdekka fleire tre-liters kartongar med vodka.

Tollarane fann i alt 120 kartongar med 360 liter vodka i bilen. Tollbeslaget utgjer 133 000 kroner i avgifter. Tollarane fann og at bilen var avstiva med tanke på smugling og mannen vart henta av mannskap frå Kongsvinger politistasjon.

Kontakt: Tolletatens pressevakt, telefon 976 50 370

Tollarane fann 360 liter vodka i bilen. Foto: Tolletaten.

Del med andre: