Gå til innhold

Smugla 3 000 liter øl

Åsnestollarane stoppa varebil med 3000 liter øl i lasta.

Den litauiske sjåføren(28) sa at han frakta båtdelar til sjefen sin då han vart stoppa av ei tollpatrulje på fylkesveg 206 i Åsnes i Hedmark om ettermiddagen 18. april. Men han fekk ikkje opp døra til varerommet.

Tollarane såg at varebilen var lasta med øl opp til taket då dei fekk bilen inn i kontrollgarasjen. Tollarane fann i alt 402 brett med øl, totalt 3 183 liter øl. Tollbeslaget utgjer 198 000 i avgifter til statskassa. Sjåføren vart henta av ei patrulje frå Kongsvinger politistasjon.

Foto: Tolletaten. Media kan fritt benytte bildet.

Del med andre: