Gå til innhold

Smugla 242 000 kroner frå Noreg

Serbar (45) hadde ikkje deklarert 242 000 kroner då han reiste frå Noreg.

Tollarane på Oslo lufthamn stoppa mannen da han gjekk om bord i flyet til Praha 5. oktober. Han sa sjølv at han hadde vært i Oslo på ferie i nokre dagar og at han hadde med seg 8 000 kroner ut av Noreg.

Tollarane fann i alt 242 605 kroner i bagasjen og et magebelte som mannen hadde. Tolletaten mistenker at pengane kjem frå kriminell handling. Dei leverte mannen og pengane til ei patrulje frå Gardermoen politistasjon.

Flypassasjeren hadde ikkje deklarert  242 000 kroner då han reiste frå Noreg.  Foto: Tolletaten.

Del med andre: