Gå til innhold

Smugla 10 200 tablettar

Svinesundtollarane fann 10 200 tablettar med Rivotril i sidepanelet på varebil.

Tollarane vart merksame på den bulgarsk registrerte varebilen då den kom til Noreg over Holtet i Østfold. Ei tollpatrulje frå Svinesund stansa bilen på fylkesveg 22 ved Risum.

Den rumenske sjåføren (44) sa at han skulle til Drammen og plukke bær.

Tollkontrollen avdekka fleire glass med i alt 10 200 tablettar med Rivotil i sidepanelet på varebilen.
Den mistenkte smuglaren og tablettane vart levert til politiet etter tollkontrollen.

Kontakt: Seksjonssjef Wenche Fredriksen, telefon 913 61 780

10200 tablettar Rivotril

Tollarane fann 10 200 tablettar med Rivotril i varebilen. Tablettane låg i sidepanelet på varebilen. Foto: Tolletaten.

Media kan fritt benytte bildet. Foto: Tolletaten

Del med andre: