Gå til innhold

Nye opningstider i Tollregion Vest-Noreg

Bergen tollstad

Måndag 4. april innfører vi nye opningstider i Tollregion Vest-Noreg. Frå same dato får ekspedisjonskontora i Bergen og Stavanger ny adresse.

Tollregion Vest-Noreg har sidan nyttår opplevd publikumsnedgang i ekspedisjonane som følgje av at Skatteetaten har overtatt oppgåver frå Tolletaten.

Frå og med måndag 4. april endrar vi opningstidene i følgjande publikumsekspedisjonar:

Bergen: måndag til fredag 09.00–12.00

Stavanger: måndag, onsdag og fredag 09.00–12.00

Haugesund: tirsdag og torsdag 09.00–12.00.

Ålesund: måndag, onsdag, torsdag og fredag 13.00–15.00.

Dei andre dagane vil desse ekspedisjonskontora vere stengd.
Du kan også kontakte Tolletaten på telefon 22 86 03 12 fram til kl. 15.30 alle kvardagar. 

Ny adresse for ekspedisjonskontora i Bergen og i Stavanger

Frå same dato flyttar publikumsekspedisjonen i Bergen frå Tollbodalmenningen til Nøstegaten 30 (hurtigruteterminalen), 3. etasje.

Hurtigruteterminalen Nøstet Bergen

Publikumsekspedisjonen i Stavanger flyttar frå Statens Hus til Risavika, Tananger (utanriksterminalen), 2. etasje.

Del med andre: