Gå til innhold

Fann hovudskalle frå bavian

Tollar fann ein hovudskalle frå bavian i postpakke.

Tollen i Oslo stoppa sendinga frå Sør-Afrika til Rogaland, og tollaren fann då ein hovudskalle med kjeve frå ein bavian.

Det er ikkje lov å importere dyr som står på lista over truga dyr- og planteartar (CITES) utan eige eksportløyve frå avsendarlandet. Tolletaten har ikkje fått slik dokumentasjon og har difor tatt beslag i hovudet og sendt det til Miljødirektoratet.

Tolletatens pressevakt 976 50 370

Pakka frå Sør-Afrika inneheld ein bavian-hovudskalle som står på lista  over truga dyr- og planteartar. Foto: Tolletaten. bavian stort.jpgLast ned større bilete. (223 kB)

Del med andre: