Gå til innhold

Dopinglast stoppa på Svinesund

Dopingmiddel blant matvarer. Foto: Tolletaten

Svinesundtollarane fann store mengder dopingmiddel blant matvarer.

Litauaren (26) skulle til Oppland for å jobbe, men først skulle han innom Oslo og levere nær 8 000 dopingmiddel til nokre vener. Ferda stoppa hos tollarane på Svinesund om kvelden 25.mai. 

Tollarane fann dopingmidla og 960 tablettar i ein fryseboks og esker med cornflakes i bilen. Tollarane tok i alt hand om 7 100 dopingtablettar, 183 dopingampullar og 960 tablettar. Politiet tok hand om litauaren.

Kontakt: Seksjonssjef Wenche Fredriksen, telefon 913 61 780

Media kan fritt nytte bilete.

Del med andre: