Gå til innhold

Smugla sigarettar og vannpipetobakk

Ørjetollarane fann 21 kilo vannpipetobakk og 30 000 sigarettar i personbil.

Den syriske statsborgaren (26) som køyrde bilen, sa at han skulle til Oslo nokre timer for å helse på ein kamerat, og at han ikkje hadde med seg alkohol eller tobakksvarer.

Sjåføren og passasjeren sa dei ikkje kjende til eskene som tollarane fann i bagasjerommet. Eskene inneheld i alt 30 000 sigarettar og 21 kilo vannpipetobakk.

Kontakt: Tolletatens pressevakt 976 50 370

Tollarane fann mellom anna 21 kilo vannpipetobakk i bilen. Foto: Tolletaten.

Del med andre: