Gå til innhold

Smugla fem fuglar frå Dubai til Stavanger

Tollarar stoppa rogalending med fem fuglar på Stavanger lufthamn. Tre av fuglane var då døde. Veterinær avliva dei to andre.

Fuglane låg i eit plastbur inne i ein koffert. Mannen fortalte tollarane at han hadde kjøpt fuglane i Dubai.

Tre av fuglane var allereie døde då dei kom til Stavanger. Tollarane kontakta Mattilsynet og dei to fuglane som levde var i så dårleg forfatning at dei ble avliva av veterinær.

Mannen hevda at han hadde løyve til å importere fuglane, men det kunne han ikkje bevise for Tolletaten. Tollarane melde han difor for ulovleg innførsel av dyr. Mattilsynet har meldt han for dyremishandling. 

Kontakt: Seksjonssjef Valborg Bishop, telefon 952 46 642.

Dei fem fuglane låg i plastbur i ein koffert. Foto: Tolletaten. Fugler.jpgLast ned større bilete. (239 kB)

Del med andre: