Gå til innhold

Smugla 200 000 sigarettar

Tollarane stoppa ein varebil med meir enn 200 000 smuglarsigarettar i lasta i Eidskog i Hedmark.

Tollarane frå Kongsvinger stoppa ein svensk registrert Citroen Jumpy varebil på riksveg 2 i Eidskog kommune om kvelden 29. februar. Dei to irakarane i bilen sa dei var på veg til Oslo.

Ei stor mengd sigarettar openbara seg då tollarane såg inn i varerommet. Nesten heile rommet var fylt med sigarettar, alle med engelsk tekst.

Vel attende i kontrollhallen på Magnormoen konstaterte tollarane eit beslag av 201 600 sigarettar og ein kilo tobakk. Avgiftene for varene svarar til 659 000 kroner. Dei to mennene i bilen vart teken hand om av mannskap frå Innlandet politidistrikt.

Pressekontakt: Tolletatens pressevakt, telefon 976 50 370

Kongsvingertollarar fann 200 000 sigarettar i varebil. Foto: Tolletaten.201 000 sigaretter stort bilde.jpg Last ned større bilete. (1,3 MB)

Del med andre: