Gå til innhold

198 pakker laushår tatt i tollen

Ein flypassasjer hadde 198 pakker laushår i bagasjen.

Den afrikanske flypassasjeren (34) hadde pakka laushår i fleire bagar før han sette seg på flyet til Stavanger. Håra skulle han selje i butikk.

Tollarane fann at varene ikkje var til personleg bruk og at dei ikkje var fortolla. Varene vart difor beslaglagt.

Dei fann og valuta for 33 000 kroner på flypassasjeren. Mannen fekk eit gebyr på 6 800 kroner då pengane ikkje var deklarert til Tolletaten.

Kontakt: Seksjonssjef Valborg Bishop, telefon 952 46 642

Mannen hadde 198 pakker laushår i bagasjen. Foto: Tolletaten. Løshår stort bilde.jpgLast ned større bilete. (3,7 MB)

Del med andre: