Gå til innhold

Beslagla 13 200 liter alkohol

13200 liter alkohol beslaglagt. Foto: Tolletaten

Tollarar i Stavanger og Trysil beslagla i alt 13 200 liter alkohol 14. og 15. april.

Stavangertollarar stoppa ein lastebil med polske skilt i nærleiken av Egersund om ettermiddagen 14. april. Lastebilen vart skanna og skannaroperatøren såg då framandlekam i lasta. Under eple som skulle vere i lasta, fann tollarane polsk øl. Totalt låg det 7993,5 liter øl og 1320 liter brennevin på lasteplanet.

«Flyttelass» var alkohol

Tollarar frå Østby tollkontor stoppa ein Mercedes Benz Sprinter ved Nybergsund i Trysil i Hedmark for formiddagen 15. april. I staden for flyttelasset bilføraren sa var i bilen, fann tollarane 2 895 liter øl, 909 liter vin, 160 liter brennevin og 7 000 sigarettar. Varene var henta i Malmø i Sverige.

Foto: Tolletaten. Media kan fritt nytte bilete.

Del med andre: