Gå til innhold

Teken med 12 kilo hasj i Larvik

Narkotikahund og skannar avdekka 12,4 kilo hasj i Larvik.

Tollbeslaget vert gjort då tollarane stoppa ein tyskregistrert Opel Corsa som kom med ferga frå Hirtshals i Danmark til Larvik om ettermiddagen 27. januar. Litauaren (28) som køyrde bilen sa han skulle til Sogn og Fjordane og vitje ein ven.

Narkotikahunden Lance søkte på bilen og markerte for funn av narkotika fleire stader inne i bilen. Deretter vart bilen skanna og skannaroperatøren såg framandlekam i dashbordet. Tollarane frøys då tollkontrollen og sende bod på mannskap frå Sør-øst politidistrikt.

Tollbeslaget vart veid til 12,4 kilo hasj. Sør-øst politidistrikt har hand om etterforskinga.

Kontakt: Seksjonssjef Sven-Øystein Wagn Ferstad, telefon 936 77 229.

Tollarar fann 12 kilo hasj i bilen. Foto: Tolletaten.

Del med andre: