Gå til innhold

Tatt med to tonn bakevarer

Svinesundtollarane fann nær 2,2 tonn bakevarer i rumensk  semitrailer.

Semitraileren reiste frå kontrollområdet på Svinesund utan å deklarere varer eller stoppe for tollkontroll seint om kvelden 10.juli.

Ei tollpatrulje fann at semitraileren på ein parkeringsplass  nord for tollstasjonen. Den rumenske sjåføren (25) sa at han ikkje hadde skjønt at tollarar søkte å stanse han då han reiste frå tollstasjonen.

Sjåføren hadde ikkje nødvendige tollpapir og speditøren hadde bede han reise attende til Sverige og få tak i dei. Han hadde reist til Sverige, men kom likevel tilbake til Noreg utan nødvendige tollpapir.

Tollarane fann og tok hand om to pallar med  i alt nær 2,2 tonn bakevarer i hengaren.

Del med andre: