Gå til innhold

Tatt med 165 000 sigarettar

Tatt med 165 000 sigarettar

Tollarar frå Kongsvinger stoppa to bilførerar som smugla 165 000 sigarettar. Tollbeslaga utgjer 564 000 kroner i avgifter.

 

Ein polsk registrert Skoda Octavia og ein norsk registrert Audi A6 fanga tollarane sin interesse då dei køyrde saman på fylkesveg 21 mot fylkesveg 170 i Akershus. Bilane vart stansa der fylkesvegane møtes i Aurskog-Høland.

Den polske sjåføren (26) av Audien sa at han og passasjeren var på veg til Oslo og skaffe seg jobb. Men då tollarane kontrollerte bakseteryggen fann dei ei stor mengde sigarettar i eit konstruert holrom mellom baksetet og bagasjerommet.

Tollarane fann i alt 113 200 sigarettar, 36 liter brennevin og fire liter øl forskjellige stader i bilen. Tollbeslaget utgjer 390 000 kroner i avgifter. Bilen var elles utstyrt med falske kjennemerke.

52 200 sigarettar

Dei to polske statsborgarane i Skoda Octaviaen fortalde tollarane at dei skulle til Stavanger. Då bilen vart kontrollert i kontrollhallen på Magnormoen, fann tollarane fleire konstruerte holrom i bilen. I holromma låg det i alt 52 200 sigarettar, to liter brennevin og fire liter øl. Tollbeslaget utgjer 174 000 kroner i avgifter.   

Dei fire polske statsborgarane vart teken hand om av mannskap frå Kongsvinger politistasjon i Innlandet politidistrikt.

Kontakt: Seksjonssjef Morten Nystuen, telefon 952 43 810.

Tollarar frå Kongsvinger fann i alt 165 000 sigarettar skjult i bilane. Foto: Tolletaten. Media kan fritt bruke bileta.

stort sigarettbeslag Kongsvinger 12 mars 2017
Stort sigarettbeslag på Kongsvinger

Del med andre: