Gå til innhold

Tatt med 11 kilo hasj

Tatt av tollarar på Svinesund med 11 kilo hasj i bilen.

Tollarane på Svinesund fatta mistanke då dei stoppa to nordmenn  natt til 5. april.

Narkotikahunden Ollie lukta seg raskt fram til ein bag som var forsøkt skjult i bagasjerommet på bilen. Her fann tollarane 11 kilo hasj.

Øst politidistrikt tok hand om narkotikaen og dei mistenkte, og etterforskar smuglinga.

Tollarane avdekka 11 kilo hasj i bilen. Foto: Tolletaten.

Del med andre: